Kjære konge og dronning!
Knut Straumstøyl, mangeårig medlem i Rogaland mållag, skreiv denne helsinga til kongeparet då dei vitja Randaberg 29. mai 2024. Det er nokre år sidan Randaberg har hatt eit lokallag, men det er eit mål å få til eit slikt lag. Dersom du er interessert i å vera med å starta eit lokallag i Randaberg, så ta kontakt med styret i Rogaland mållag.
Hjarteleg velkomne til Den grøne landsbyen. Han er ikkje stor. Alt no har de sett ein god del. Med bånn gass kan ein køyre frå Tungenes til bygrensa på 10 minutt. Akkurat det vil eg ikkje tilrå kongeparet å prøve.
Då dei lanserte namnet Den grøne landsbyen, tenkte eg: Her har nokon tatt for mykje Møllers tran! Noregs minste landkommune, 25 kvadratkilometer – ein liten persillekvast i ytterkanten av det store matfatet Jæren. Og altså – DEN grøne kommunen!
År har gått, og eg har tenkt nytt. Namnet er faktisk genialt! Namn forpliktar, blir det sagt. Grønt står sjølvsagt for jordbrukskommunen. Fargen uttrykkjer ein vilje som ligg, og har lege, i vestlendingen gjennom generasjonar: å få mest mogeleg ut av små ressursar ved lagarbeid, fellesskap, politisk klokskap.
Dagleg les og høyrer me uttrykket grøne verdiar. Lettvinte fraser som lett fyk vekk med vestavinden – eller? Ikkje når du har sett eit forpliktande namn på vegretningen. Skiltet er sett opp. Kommunen seier: Me jobbar for å involvere og ta i bruk heile fargeskalaen. «Raud og gul og kvit og svart er det same har han sagt», har ungane sunge i generasjonar i misjonsbygda. Haldningar som er med å utvikle forståing for at alle er unike, likeverdige, uansett hudfarge, nasjon, alder eller funksjonsevne. Her i den grøne bygda ynskjer me å ta vare på den vesle lyseraude, den gråhåra demente, dei blåfrosne frå krigssonene og lyse opp for nokon som kanskje bare ser ei svart framtid.
Så står eg her, ein av mange innflyttarar som har blitt inkludert i den grøne familien frå dag ein. Kvifor akkurat meg? Festkomiteen vil at også kongeparet skal kjenne seg som heime her og no. Og då trur eg dei sa: Me spør ein i bygda som er omlag på alder med kongeparet. Det må vera ein som går med krykker, ein som elskar fedrelandet og vakre kvinner, spesielt når dei går i telemarksbunad. Og når me spør han, må han svara: Ja, eg stiller! sjølv om ein del folk kanskje tenkjer: Nei, me må ta ein yngre – dei på godt over åtti er for gamle! Så blei det eg som fekk denne store æra, og eg vågar til slutt fylgjande konklusjon: Det er ikkje storleiken som tel – og heller ikkje alderen.
Tusen takk!